Hopp til innhold
X
Innhald

Strid om 9-årig skule

Eivindvik skule på Undertun. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eivindvik skule på Undertun. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På slutten av 1960-talet vart det mykje bygdestrid i Gulen kring skulestruktur og lokalisering av ungdomsskulen. I første omgang gjekk formannskapet inn for at kommunen skulle byggje sentralskule i Eivindvik, men i neste formannskapmøte gjekk fleirtalet i favør av Dalsøyra. I Brekke-området sirkulerte underskriftslister med krav om eigen ungdomsskule i Brekke.

Striden enda i eit møte med kyrkje- og undervisningsminister Kjell Bondevik i 1971, der statsråden gav kommunen løyve til å byggje ungdomsskule både i Eivindvik og Brekke.

I 1972 vart det også reist krav om eigne ungdomsskular på Dalsøyra og Byrknes, og i 1973 gav Kyrkje- og undervisningsdepartementet løyve til å byggje ungdomsskular også der. Bygginga på Dalsøyra og Byrknes starta året etter.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.11.2009