Strid om målforma i skulen

Skilbrei skule var saman med Sygna den siste skansen til bokmålsfolket i Gaular. Foto: Ottar Starheim, NRK.
I 1906 vedtok skulestyret at ein skulle bruke nynorsk lesebok i folkeskulen, og i 1908 gjekk skulestyret med 11 mot fem røyster inn for at all undervisning skulle skje på nynorsk. Men mange krinsar saboterte vedtaket, og gjekk tilbake til bokmål.
I 1910 kom det til eit hardt oppgjer om målforma i skulen. Striden vart avgjerande for kommunevalet denne hausten: I kommunestyret kom det inn 14 tilhengarar av riksmålet, medan nynorsken fekk inn seks. I Viksdalen vann nynorskfolket, i Sande riksmålsfolket, og i Bygstad fekk riksmålsfolket åtte og nynorskfolket fire representantar.
I 1920 var striden stilna. 15 krinsar hadde då nynorsk. Dei to siste krinsane som heldt på bokmål, Sygna og Skilbrei, gjekk over til nynorsk i 1927.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 21.09.2010