Hopp til innhold
X
Innhald

Stryn Leirskule

Nordfjord Fritidssenter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Nordfjord Fritidssenter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stryn Leirskule vart starta i 1998 og hadde frå starten plass til 40 elevar. Leirskulen er ein del av Nordfjord Fritidssenter og held til ved Bjørkelibakkane og Vangen aktivitetssenter på Nordsida. Her vart det i samband med NM i nordiske greiner i 1996 bygt eit stort aktivitetshus som vert nytta av leirskulen til kurs, og like ved ligg villmarksleiren der elevane kan overnatte utandørs.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.12.2009