Hopp til innhold
X
Innhald

Studiesenteret i Måløy

Senteret hadde utdanning m.a. på høgskulenivå i økonomi, administrasjon og mediekunnskap.

Studiesenteret i Måløy grunnlagt 1986 av Turid Breidalen, og i Folkeuniversitetet sin regi. Det dreiv fram til 1994 som avdeling under Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Senteret hadde utdanning m.a. på høgskulenivå i økonomi, administrasjon og mediekunnskap.

Senteret hadde opptil 100 heiltidsstuderande i året. Etter at samarbeidet med høgskulen tok slutt, vart Studiesenteret drive i samarbeid med Folkeuniversitetet fram til 2007. I 2007 bytte senteret namn til Vaksenopplæringa i Vågsøy, og driv i hovudsak med norskopplæring for innvandrarar og grunnskuleopplæring for vaksne.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.10.2011