Hopp til innhold
X
Innhald

Sunnfjord Gymnas

Lærarar på Falchs og Sunnfjord Gymnas 17. mai 1950. Bak frå v: Ivar Døskeland, Oddleif Fagerheim, Kissy Egenæs og Ragnhild Falch. Framme frå v: Thorbjørn Haugland, Ingvar Tilseth, Ragnvald Fagerheim, Elsbeth Beugger-Paulus og Torjuls Engelschøn. Foto: Thora Nitter Fagerheim, frå boka ”Pensjonatskular i Fjaler gjennom 100 år”.

I 1944 starta brørne Oddleif Fagerheim, Sverre Fagerheim og Magne Fagerheim Sunnfjord Gymnas i Dale, og dreiv det i sju år. Dette var eit av fleire gymnas som vart starta i fylket i krigsåra, ikkje minst fordi det i krigstida var både vanskeleg å reise og bu langt heimanfrå for ungdom som ville ta gymnasutdanning.

Utanom dei faste gymnasa på Sandane (Firda Gymnas) og på Nordfjordeid (Eids Gymnas - 2-årig - sjå: Skular i Eid), var fylgjande gymnas i drift i krigsåra:

Engelsk- og realline

Sunnfjord Gymnas hadde engelsk- og realline, og vart drive saman med pensjonat- og realskulen under namnet Falchs Pensjonat og realskole - Sunnfjord gymnas. Elevflokken ved gymnaset i Dale skilde seg frå dei andre mellombelse «krigsgymnasa» ved at elevane kom frå heile landet, slik tradisjonen ved Falchs skule alltid hadde vore. I alt tok 160 elevar artium ved Sunnfjord Gymnas.

Alle realskuleelevane ved Falchs Pensjonat og Realskole i 1952. Elevane kom frå heile landet. Foto: Thora Nitter Fagerheim. © Fylkesarkivet.

Alle realskuleelevane ved Falchs Pensjonat og Realskole i 1952. Elevane kom frå heile landet. Foto: Thora Nitter Fagerheim. © Fylkesarkivet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 21.10.2010