Hopp til innhold
X
Innhald

Tonning skule

Tonning skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tonning skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tonning krins er sjølve Stryn sentrum. Tonning fekk skulehus i 1867. I 1911 vart det bygt ny skule, og kommunen tok gamleskulen i bruk som kommunehus.

Dette ”kommunehuset” fekk store skadar då tyskarane bomba på Tonning den 24. april 1940. Ingen personar kom til skade, men huset måtte rivast etter den harde medfarten. Ved skulehuset frå 1911 var det eigen skulehage der det vart dyrka grønsaker og poteter, og planta frukttre og bærbuskar.

Skulehuset som vart bygt på Tonning i 1867 vart frå 1911 kommunehus. Her poserer Stryn heradstyre framfor gamleskulen. Ukjend fotograf.

Skulehuset som vart bygt på Tonning i 1867 vart frå 1911 kommunehus. Her poserer Stryn heradstyre framfor gamleskulen. Ukjend fotograf.

I 1953 var Tonning og Solheim krinsar slegna saman til ein storkrins, men byggeplanane for ein ny sentralskule drog ut. Plassmangelen vart akutt. Kjellaren i ungdomshuset Heimskringla midt i sentrum på Tonning vart teke i bruk som klasserom og sløydsal. I ”Bringsvorbygget” vart det også plassert eit par klassar i kjellaren, og den gamle kommunestyresalen vart også teken i bruk som klasserom. Tonning skule hadde over 90 elevar i 1914, og skulen vart då firedelt.

I 1962 vart det kasta fram tankar om å byggje ny skule i kombinasjon med eit nytt samfunnshus for Stryn sentrum., og i 1964 vart dette vedteke. I 1969 kunne nye Tonning barneskule takast i bruk.

Samfunnshusdelen vart bygd seinare, men i 1985 brann samfunnshuset ned. Det vart seinare bygt opp att.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.03.2011