Hopp til innhold
X
Innhald

Ungdomsskule med elevinternat

På dette biletet ser vi det tidlegare internatet for ungdomsskuleelevar bak Høyanger vidaregåande skule. Foto: Arild Nybø, NRK.

På dette biletet ser vi det tidlegare internatet for ungdomsskuleelevar bak Høyanger vidaregåande skule. Foto: Arild Nybø, NRK.

Niårig ungdomsskule vart innført i Høyanger kommune i 1966. I grendakrinsane, med unnatak av Kyrkjebø og Vadheim som hadde skulebussrute, fekk elevane gå det sjuande året i skulen på heimstaden, medan 8. og 9. klasse måtte gå på sentralskulen i Høyanger.

Der vart det bygt eit stort elevvinternat like ved skulen der elevane frå utkantbygdene vart innlosjerte. Dei første åra budde desse elevane på internatet seks dagar i veka, men fekk reise heim i helgane. Det vart lettare då det vart innført femdagars skuleveke i 1974.

Men det var mange som murra over den lange skulevegen. I 1975 søkte difor Lavik og Vadheim om å verte eigen ungdomsskulekrins, og frå hausten same året vart det starta ungdomsskuleklassar i Lavik.

Det nye skulesenteret i Høyanger vart teke i bruk i 1976.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.09.2010