Hopp til innhold
X
Innhald

Ungdomsskulen i Luster

Gaupne ungdomsskule, nybygget som vart teke i bruk i 2003.

Gaupne ungdomsskule, nybygget som vart teke i bruk i 2003.

I 1959 sette kommunane Jostedal, Luster og Hafslo ned ei felles plannemnd for innføring av niårig skule. I 1963 vart det vedteke å satse på 7+2-mønsteret. Men saka vart anka, og departementet avgjorde i 1965 at det framtidige skulemønsteret skulle vere 6+3.

I 1970 opna den nye sentralskulen i Gaupne for dei to siste klassetrinna. 6+2-ordninga heldt ein fast ved til 1976, då Hafslo og Jostedalen fekk ha ungane heime til og med det sjuande klassetrinnet. Jostedalen fekk halde på 7+2-ordninga til 1986.

I 1986 fekk Hafslo kombinert barne- og ungdomsskule, der også borna frå Solvorn og Veitastrond går dei tre siste skuleåra. Nybygg for ungdomsskulen i Gaupne vart teke i bruk i 2003.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.03.2011