Hopp til innhold
X
Innhald

Våge og Oppedal

Tidlegare Gravdal skule i Torskangerpoll. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tidlegare Gravdal skule i Torskangerpoll. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Våge krins i Vågsvåg fekk skulehus i 1906. Dette vart bygt i Gravdal som ligg i sørenden av Torskangerpollen.

Bygda Oppedal som ligg lengst mot nord, hadde lenge eigen skulekrins fordi det var lang og verhard veg fram til gravdal skule. Skulen i Oppedal heldt til i leigde lokale. Etter motstand i grenda vart også Oppedal krins lagd til skulen i Gravdal i 1920. For å få plass til alle, vart kjellaren på Gravdal skule då innreidd til klasserom.

Det vart bygt ny skule i Vågsvåg på høgda mot Torskangerpoll i 1959. Våge-Oppedal skule vart lagd ned i 2003.

Vågsvåg skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vågsvåg skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.04.2010