Hopp til innhold
X
Innhald

Vedvik og Refvik skular

Tidlegare Vedvik skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tidlegare Vedvik skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Begge desse skulekrinsane på Nord-Vågsøy hadde kvar si omgangsskuleordning fram til 1881 då det vart bygt felles skulehus i Kjerringdalen. Heilt fram til 1901 fanst det ikkje vegar mellom bygdene på nordsida av Vågsøya, og skuleungane måtte difor gå over Heiane, gjennom Kleiva eller fylgje fjøra når dei skulle gå til og frå skulen i Kjerringdalen.

I 1902 vart det bygt nytt skulehus for Vedvik og Refvik i Geilane. I 1922 vart krinsen Vedvik og Refvik delt i to, og Vedvik fekk eige skulehus midt i bygda.

Sjølv om det gamle skulehuset i Geilane låg lite sentralt til for vedvikarane, måtte Vedvik greie seg med dette skulehuset til det vart bygt nytt skulehus i krinsen i 1957.

I 1965 vart både Refvik og Vedvik krinsar lagde ned og skuleborna busskyssa til sentralskulen på Raudeberg. Same året opna ungdomsskulen i Måløy.

Refvikarane nytta sidan skulehuset mellom anna som forsamlingshus, før det til slutt blei rive. Vedvik skule vart nytta eit par år på 1960-talet som konfeksjonsfabrikk av eit bergensbasert tekstilselskap. Seinare vart Vedvik teken opp att som skulekrins, men vart lagd ned i 2002 og borna overførde til Raudeberg.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.03.2020