Hopp til innhold
X
Innhald

Vevang

Inngangen til Vevang. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Inngangen til Vevang. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1950 tok Falchs Pensjonat- og Middelskole i bruk nytt skule- og internatbygg i Dale sentrum - Vevang. Søknaden til skulen var så stor at Vevang nokre år seinare fekk påbygg, og skulen hadde jamnt kring 50 elevar oppe til eksamen i åra som fylgde.

På Vevang var Oddleif Fagerheim ein fargerik og dyktig skulestyrar fram til 1969, og kona Thora Nitter Fagerheim, som var i nær slekt med grunnleggjaren Willa Falch, var husmor og tok seg av omsorga for internatelevane.

Internatskulen til Fagerheim i Dale var landskjend for at den kunne lære folkeskikk til den mest villstyrige pode. I 1969 endra skulen namn til Falchs Pensjonatskule.

I 2002 held Vevang Produksjon AS til i lokala.

Vevang. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vevang. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.10.2010