Hopp til innhold
X
Innhald

Vidaregåande skular i Høyanger

Høyanger vidaregåande skule. Vi ser og idrettsanlegget Sletta, med Høyangerhallen og Høyangerbadet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Høyanger vidaregåande skule. Vi ser og idrettsanlegget Sletta, med Høyangerhallen og Høyangerbadet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

NACO-finansiert mellomskule

Frå 1890 vart det skipa framhaldsskulekurs fleire stader i Kyrkjebø kommune. I 1918 starta arbeidet med å skipe ein kombinert framhaldsskule og mellomskule i den ferske industribygda Høyanger. Norsk Aluminium Company (NACO) tok på seg å koste både lærarløner og skulerom, og skulen vart opna i 1925. Første klassen hadde 25 elevar. I 1927 overtok Kyrkjebø kommune drifta, og den fekk namnet Høyanger kommunale 2-årige framhalds- og mellomskule. Frå 1943 fekk skulen eigen eksamensrett. I 1947 vart skulen omskipa til toårig realskule, og realskulen vart lagd ned då det vart innført niårig ungdomsskule i 1966.

Frå ein gymnastikktime ved Ytre Sogn Folkehøgskule i Vadheim skuleåret 1923-24. Frå venstre Nancy L. Ellingsen, Ragna Sagen, Emma Bjordal, Hjørdis Osland, Borghild Tveit, Olga Osland, Sigrid Fossen og Else Torvund. Foto: Andersen og Hauge. Eigar: Odd A. Midttun/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ytre Sogn Folkehøgskule

I 1920 var det starta ein folkehøgskule i Vadheim under namnet Ytre Sogn Folkehøgskule. Rektor var Olav O. Førsund. Skulen var i drift til 1926.

Husmorskulen i Lavik

I 1922 starta Lavik kommune husmorskule i Lavik.

"Krigsgymnaset" i Høyanger

Høyanger kommunale gymnas vart skipa i 1943 med Nils Odin Franche Skånes som rektor. Gymnaset vart lagt ned i 1950. I krigsåra 1942-1944 vart det starta gymnas fleire stader i fylket. Det var reiseproblem for bortebuande skuleungdom som førde til denne oppblomstringa av lokale gymnas. Utanom dei faste gymnasa, Firda landsgymnas på Sandane og Eids Gymnas på Nordfjordeid, var fylgjande gymnas i drift i krigsåra:

  • Sogndal 1944 -
  • Balestrand 1942 – 1945
  • Aurland 1943 – 1947
  • Høyanger 1943 – 1950
  • Florø ca. 1942 – 1945
  • Dale - Sunnfjord Gymnas 1944 – 1951

Frå kommunal yrkesskule til vidaregåande skule

I 1932 vart det reist krav om at industristaden Høyanger måtte få eigen yrkesskule, og i 1933 starta Kyrkjebø 2-årige Fagskole med ei snikkarline og 11 elevar. Les meir om skulane i Høyanger.

Kyrkjebø toårige Fagskole

– sjå artikkelen: Frå kommunal yrkesskule til vidaregåande skule.

Høyanger Yrkesskole

– sjå artikkelen: Frå kommunal yrkesskule til vidaregåande skule.

Høyanger vidaregåande skule

– sjå artikkelen: Frå kommunal yrkesskule til vidaregåande skule.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 02.09.2010