Hopp til innhold
X
Innhald

Yrkesskulen i Kinsedal

Elevar ved yrkesskulen i Kinsedal i 1950. Sittande frå venstre Arne Talsæte, Per Kvithammar, rektor Audun Tvedt, lærar Eiersland, Ivar Nytun og Arne Sæbø. Ståande frå venstre Erling Fjærestad, Kåre Råum, Johannes Sie, Bjarne Langedal, Hjermann Råum, Tomas O. Kjørlaug, Knut Bolstad, Kåre Sunde, Sverre Bolstad, Hans Listou, Per Molland, Peder Øy, Asbjørn Verlo, Arthur Søbstad, Arne Hestetun, Arne Jevnaker, Lars Tenden, Elling Venjum og Hans Øvrethun. Foto frå skulesoge for Luster kommune.

Etter 2. verdskrig sto ei mengd bygningar etter tyskarane sitt «aluminiumseventyr» i Kinsedal tome - sjå: Anortositten i Kinsedal. Frå 1946 til 1952 vart desse bygningane nytta av fylket til ein yrkesskule i mekanikar-, elektro- og røyrleggjarfag.

Skulen fekk 40 elevar, og kommunane i indre Sogn ytte tilskot til drifta. Røyrleggjarlina vart lagt ned etter berre eitt skuleår, og elevtalet vart redusert til 30. Det viste seg m.a. svært vanskeleg å skaffe faglærarar til yrkeskulen i den einbølte og veglause bygda på austsida av Lustrafjorden, og i 1949 kom det første framlegget om flytting til ein meir sentral stad - nemleg Sogndal.

Kaia i Kinsedal i 2007. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kaia i Kinsedal i 2007. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Då Kinsedal-skulen vart avvikla i 1952, hadde den til saman hatt 200 elevar. Like før skulen formelt vart lagt ned i 1952, brann både bustadbrakke og messe ned. Året etter var yrkesskulen i gang i Sogndal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 25.03.2011