Hopp til innhold

Gazastripa

Gazastripa er ei smal landstripe ved Middelhavet, mellom Israel og Egypt. Området har vore kamparena for striden mellom israelarar og palestinarar dei siste tiåra. Gazastripa er sidan 2007 styrt av organisasjonen Hamas.

Gazastripa grensar frå nordaust til søraust mot Israel og i sørvest mot Sinaihalvøya i Egypt. Området utgjer 360 kvadratkilometer, mindre enn arealet av Oslo. Like fullt bur det her om lag 1,9 millionar menneske, av dette 1,25 millionar FN-flyktningar. Dette gjer Gazastripa til eit av dei tettast busette områda i verda. Landstripa har få naturressursar, og jordsmonnet er til dels dårleg. Det blir drive noko landbruk og fiskeri, men forholda for dei næringsdrivande er vanskelege.

Tilstanden på Gazastripa er tett knytt til konflikten mellom israelarar og palestinarar. Israel si erklæring om sjølvstende i 1948 utløyste ein stor straum av flyktningar til området. I 1967 tok Israel kontroll over Gazastripa, men etter Oslo-avtalane i 1993–95 blei området ein del av det palestinske sjølvstyreområdet. Den vesle landstripa har dei siste tiåra vore herja av krigstilstanden mellom Israel og ulike palestinske grupper, og innbyggjarane har lide under økonomisk blokade frå israelske styresmakter.

Historisk bakgrunn

Gazastripa var opphavleg ein del av det osmanske riket, som gjekk i oppløysing etter første verdskrigen. Landstripa blei frå då av styrt av Storbritannia, saman med resten av Palestina, på vegner av Folkeforbundet. Israel si erklæring om sjølvstende i 1948 utløyste ein krig mot dei arabiske nabolanda. Gazastripa blei då okkupert av Egypt.

Ein svært stor del av innbyggjarane i Gaza er palestinske flyktningar og etterkomarane deira. Flyktningstraumen tok til under krigen i 1948, då mange palestinarar rømde frå det nyoppretta Israel. FN starta ein eigen organisasjon for å ta hand om flyktningane, og fleire flyktningleirar blei oppretta.

Etter seksdagarskrigen i 1967 tok Israel kontroll over Gazastripa. Landet oppretta ei rekkje jødiske busetjingar i området, noko som førte til opprør i 1971. Fleire tusen palestinarar blei då deporterte til Jordan og Sinai. Eit nytt opprør, kalla den første intifadaen, braut ut i 1987. Året etter erklærte det palestinske nasjonalrådet, frå eksil i Algerie, at ein uavhengig palestinsk stat var blitt oppretta.

Del av dei palestinske sjølvstyreområda

Etter at Israel og den palestinske frigjeringsorganisasjonen PLO i 1993 inngjekk den første av Oslo-avtalane, etablerte PLO-leiar Yassir Arafat seg i Gaza for å byggje opp den nye staten. I 1996 blei det valt ei eiga nasjonalforsamling for dei palestinske sjølvstyreområda, med Arafat som president.

I ein kort periode herska det framtidsoptimisme blant palestinarane, og økonomien på Gazastripa blømde. Området hadde i åra 1998–2000 endåtil sin eigen internasjonale flyplass. Men Oslo-avtalane blei neglisjerte, først og fremst av Israel, og fredsprosessen stoppa snart opp. I 2000 starta den andre intifadaen, eit opprør mot at det ikkje blei noko av lovnadane om ein sjølvstendig palestinsk stat. Israel retta i 2002–04 fleire militære angrep mot Gazastripa, og krigstilstanden svekte økonomien på landstripa kraftig.

Boikott, Hamas-styre og krigstilstand

I samsvar med Oslo-avtalane blei dei jødiske busetjingane på Gazastripa nedlagde i 2005. Samtidig tok det israelske militærstyret slutt, men Israel heldt fram med å kontrollere vass- og energiforsyninga, luftrommet, grenseovergangane og sjøområdet utanfor Gaza. I realiteten styrer Israel all innførsel og utførsel av varer. Stengde grenser, også mot Egypt, har ført til fattigdom og vanskelege kår for innbyggjarane i området, som i stor grad lever isolert frå omverda. Innføring av varer har for ein stor del skjedd gjennom smuglartunnelar under grensa til Egypt. Både egyptiske og israelske styresmakter ser på tunnelane som ulovlege, og begge land har arbeidd for å øydeleggje dei.

I 2006 vann organisasjonen Hamas valet på ny palestinske nasjonalforsamling. Det førte til borgarkrigsliknande tilstandar på Gazastripa mellom Hamas og Fatah, dei to store palestinske partia. Hamas sigra, og dei har styrt området sidan, men utan nemnande internasjonal støtte, med unntak av Iran og den libanesiske Hizbollah-rørsla. Hamas og andre palestinske grupperingar har sidan 2000 skote ei mengd rakettar over grensa mot Israel, og Israel har slått hardt tilbake i fleire omgangar. Dei mest omfattande israelske luftangrepa mot Gazastripa skjedde i 2008–09, 2012 og 2014. Fleire tusen sivile blei drepne og skadde, mange av dei barn, og det skjedde stor skade på bustader og infrastruktur.

Våren 2018 starta nye palestinske protestar ved grensa mellom Gazastripa og Israel. Demonstrantar i teltleirar ved grensesona demonstrerte fredeleg, men det skjedde også valdelege angrep mot Israel, mellom anna blei drakar med brannbomber sende over grensa. Nærmare 200 palestinarar er blitt drepne og fleire tusen skadde i dette opprøret, etter motangrep frå israelske grensepostar.

Vanskelege levekår

FN publiserte i 2017 ein rapport som konkluderte med at forholda på Gazastripa i 2020 vil vere ulevelege. Tilgangen på elektrisk energi er dårleg, og tilhøva for dei næringsdrivande er vanskelege. Jordbruket har vanskar med å få tak i importerte råvarer, og fiskarane får ikkje reise lenger ut enn 3–6 nautiske mil før dei blir stoppa av den israelske militærmakta. Omkring 40 prosent av folket på landstripa lever under fattigdomsgrensa, og over ein million er avhengige av nødhjelp frå FN for å overleve.


Kjelder

Paola Caridi: Hamas. From Resistance to Government. New York 2012

Åshild Eidem: Spillet om Gaza. Krigerne, smuglerne og aktivistene. Oslo 2013

Mads Gilbert: Natt i Gaza. Oslo 2014

Mads Gilbert og Erik Fosse: Øyne i Gaza. Oslo 2009

Joe Sacco: Footnotes in Gaza. London 2010

Atef Abu Saif: Under dronene. Dagbok fra Gaza. Oslo 2018

 

FN sitt landteam (UNCT) for dei okkuperte palestinske områda: «Gaza ten years later», rapport, un.org, publisert 11.7.2017: https://www.un.org/unispal/document/gaza-ten-years-later-un-country-team-in-the-occupied-palestinian-territory-report/ [lesedato 2.1.2020]

 

Peikarar

BBC: «Israel-Palestinian conflict: Life in the Gaza Strip», bbc.com

Nettstad om dei okkuperte palestinske områda, FN sitt kontor for koordinering av humanitær innsats (OCHA), ochaopt.org

Nettstad om nødhjelp i Gaza, FN sin hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar (UNRWA), unrwa.org

Først publisert: 27.04.2020
Sist oppdatert: 27.04.2020