Hopp til innhold
X
Innhald

Acapulco

Acapulco, offisielt Acapulco de Juarez, by i delstaten Guerrero i det søraustlege Mexico. Byen ligg ved Stillehavet og har eit innbyggjartal på om lag 900 000 dersom ein reknar med forstadene.
Acapulco vart grunnlagd av spaniarane i 1550, og er i dag ein populær turistby. Byen har elles den beste stillehavshamna i landet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.01.2012
Sist oppdatert: 18.01.2012