Hopp til innhold
X
Innhald

Aguascalientes (by)

Aguascalientes, by i delstaten med same namn i Mexico. Han ligg på høgsletta 430 km nord for Mexico by og har om lag 763 000 innbyggjarar medrekna forstadene. Byen er kjend som kurstad, og namnet Aguascalientes tyder då også ’varme kjelder’. Elles vart han grunnlagd som gruveby i 1575, og har framleis smelteverk for gull, sølv, bly og kopar. I dag husar Aguascalientes dessutan eit universitet.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.01.2012
Sist oppdatert: 07.02.2012