Hopp til innhold
 Akron. Foto: Doug Kerr, flickr.com CC BY.
Akron. Foto: Doug Kerr, flickr.com CC BY.
X
Innhald

Akron

Akron er ein by i delstaten Ohio i USA. Han ligg søraust for Cleveland og har om lag 200 000 innbyggjarar, medrekna alle forstader om lag 703 000. Fram til 1990-åra var han verdas største sentrum for gummiindustri, blant anna vart bildekk av merka Bridgestone–Firestone, Goodyear og andre produserte her. Etter kraftig nedgang i gummiindustrien er innbyggjartalet halvert sidan 1970-åra, og berre Goodyear er att av dei store dekkprodusentane. Byen har universitet.

Først publisert: 19.03.2013
Sist oppdatert: 19.03.2013