Hopp til innhold
X
Innhald

Albuquerque

Albuquerque, by i delstaten New Mexico i USA. Han har om lag 715 000 innbyggjarar medrekna forstadene. Albuquerque er ein kurstad med mykje turisme. Byen er elles kjend for å vere eit sentrum for atomforsking, og det ligg dessutan ein del militærbasar i byen. University of New Mexico held også til i Albuquerque. Byen vart grunnlagd av spaniarane i 1706.


Først publisert: 18.01.2012
Sist oppdatert: 18.01.2012