Hopp til innhold
X
Innhald

Anchorage

Anchorage, hamneby i Sør-Alaska. Byen har om lag 279 000 innbyggjarar, altså meir enn 40 % av folkesetnaden i heile Alaska. Han husar mellom anna ein militærbase, ein sivil flyplass og eit universitet. Hamna i byen blir mellom anna brukt som fiskarhamn. Anchorage vart grunnlagd i 1914.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.01.2012
Sist oppdatert: 18.01.2012