Hopp til innhold
X
Innhald

Antigua Guatemala

Antigua Guatemala, by i Guatemala. Han ligg på 1530 moh., ved foten av tre vulkanar, og har om lag 34 000 innbyggjarar. Byen vart grunnlagd i 1543. Midt på 1700-talet hadde han om lag 60 000 innbyggjarar og var ein av dei viktigaste byane i Den nye verda.
Administrasjonssenteret i Guatemala vart flytta til den noverande hovudstaden i 1773, etter at Antigua Guatemala hadde vorte øydelagd av jordskjelv. Byen er eit av dei fremste døma på spansk koloniarkitektur i Latin-Amerika og er ein av dei fremste turistattraksjonane i Guatemala.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.01.2012
Sist oppdatert: 07.02.2012