Hopp til innhold

 Antofagasta. Foto: Fernando José Ignacio Gàrate Parra, flickr.com CC BY
Antofagasta. Foto: Fernando José Ignacio Gàrate Parra, flickr.com CC BY
X
Innhald

Antofagasta

Antofagasta er ein hamneby i Atacamaørkenen i Nord-Chile. Han har om lag 360 000 innbyggjarar. Byen er viktig for eksport av blant anna salpeter, boraks, kopar og ull. I tillegg finst det fiskeindustri, og turisme er også ei viktig næring.
 
Antofagasta er kommunikasjonsknutepunkt med veg- og jernbanesamband og har internasjonal flyplass. Byen høyrde til Bolivia før Stillehavskrigen mellom Chile, Bolivia og Peru 1879–84.

Først publisert: 19.03.2013
Sist oppdatert: 19.03.2013