Hopp til innhold
X
Innhald

Arequipa

Arequipa, by i det sørlege Peru med om lag 865 000 innbyggjarar. Han ligg i eit jordbruksområde 2300 moh. Industrien er variert, men produksjon av ullvarer er særleg viktig. Byen er eit trafikknutepunkt og dessutan det politiske, militære og økonomiske senteret i Sør-Peru.
 
Arequipa har også ein del turisme, og har bygningar frå kolonitida – deriblant ein katedral. Han var ein viktig by i Inkariket, før spaniarane grunnla han på nytt i 1540. Arequipa har elles to universitet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.01.2012
Sist oppdatert: 18.01.2012