Hopp til innhold
X
Innhald

Asunción

Asunción er hovudstad i Paraguay og ligg der elva Pilcomayo renn ut i elva Paraguay. Asunción vart grunnlagd av spanjolane i 1537. I dag har byen om lag 544 000 innbyggjarar, medrekna alle forstader om lag 2 millionar. 
 
Nesten all eksport frå Paraguay, som omfattar tømmer, bomull, kjøt, huder og anna, går over Asunción, som er den eldste eksisterande spanske byen i La Plata-området.
 
 Asunción har halde på mykje av den spansk-koloniale utsjånaden. Byen har internasjonal flyplass, og han har eitt offentleg og eit titals private universitet.

Først publisert: 19.03.2013
Sist oppdatert: 19.03.2013