Hopp til innhold
X
Innhald

Atlanta

Atlanta, by og hovudstad i delstaten Georgia i USA. Byen har om lag 4,1 millionar innbyggjarar medrekna forstadene, og er eit jernbaneknutepunkt. Industrien i byen er allsidig, og han har fleire universitet. Elles var han eit av støttepunkta for sørstatshæren under den amerikanske borgarkrigen. Personar som Martin Luther King og Margaret Mitchell er fødde i Atlanta. Byen arrangerte sommar-OL i 1996.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.01.2012
Sist oppdatert: 18.01.2012