Hopp til innhold
X
Innhald

Baltimore

Baltimore, by i delstaten Maryland i USA. Han har om lag 636 000 innbyggjarar, men i byområdet Baltimore–Washington D.C. bur det heile 7,8 millionar menneske.
 
Den store konteinarhamna gjer Baltimore til ein viktig hamneby på atlanterhavskysten, med oljeraffineri, skipsverft, stålverk, flyindustri og tekstilindustri. Byen har også fleire vakre parkar og monumentalbygningar, som rådhuset og Washington-monumentet.
 
Byen er katolsk erkebispesete og har fleire universitet, deriblant Johns Hopkins University. Baltimore vart grunnlagd i 1729.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.01.2012
Sist oppdatert: 23.01.2012