Hopp til innhold
 Barquisimeto. Foto: Dan Cunningham, flickr.com. CC BY
Barquisimeto. Foto: Dan Cunningham, flickr.com. CC BY
X
Innhald

Barquisimeto

Barquisimeto er ein by i Venezuela. Han er hovudstad i delstaten Lara og ligg 275 km vest for Caracas. Barquisimeto har om lag 1,35 millionar innbyggjarar medrekna alle forstader. Byen er knutepunkt for samferdsel og er også eit handels- og industrisentrum. Barquisimeto vart grunnlagd i 1552. Han har fleire offentlege og private universitet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.03.2013
Sist oppdatert: 19.03.2013