Hopp til innhold
X
Innhald

Barranquilla

Barranquilla, hamneby nord i Colombia, der Magdalenaelva renn ut i Det karibiske havet. Han har om lag 1,4 millionar innbyggjarar, eller om lag 2 millionar med forstader. Tekstilindustri og kjemisk industri er viktige næringar, og det skjer mykje utanrikshandel i byen. Barranquilla har dessutan ein internasjonal flyplass.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.01.2012
Sist oppdatert: 23.01.2012