Hopp til innhold
X
Innhald

Belém

Belém eller Belém do Pará, by nord i Brasil som er hovudstad i delstaten Pará. Han fungerer som hamneby for Amazonas-området og har om lag 2 millionar innbyggjarar med forstader.
Sukker, gummi, nøtter og trevirke er viktige varer for handelsnæringa. Byen har universitet og opera, og er erkebispesete. Belém vart grunnlagd i 1616 som Nossa Senhora de Belém (Betlehem).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.01.2012
Sist oppdatert: 23.01.2012