Hopp til innhold
 Belo Horizonte. Foto: metal_dog, flickr.com CC BY
Belo Horizonte. Foto: metal_dog, flickr.com CC BY
X
Innhald

Belo Horizonte

Belo Horizonte er ein by i Brasil. Han er hovudstad i delstaten Minas Gerais. Byen har om lag 2,5 millionar innbyggjarar, medrekna alle forstader om lag 5,5 millionar. Byen er sentrum for eit stort gruvedistrikt og har stål-, tekstil- og sementindustri i tillegg til fleire diamantsliperi.
 
Byen har fleire universitet og forskingssenter, og han har internasjonal flyplass. Belo Horizonte vart grunnlagd i 1855 og er den første av dei planlagde byane i Brasil. I 1897 var han innvigd som hovudstad.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.03.2013
Sist oppdatert: 19.03.2013