Hopp til innhold
X
Innhald

Bogotá

Bogotá, tidlegare Santa Fé de Bogota, hovudstad i Colombia i Sør-Amerika som vart grunnlagd av spaniarane i 1538. Han har om lag 7,5 millionar innbyggjarar når ein reknar med forstadene, og ligg på 2400 moh.
Tekstil- og metallindustri og kjemiske fabrikkar er viktige næringsvegar i Bogotá. Byen har dessutan internasjonal flyplass og fleire universitet, der det eldste av dei er frå 1572. Han er erkebispesete og generelt eit viktig kulturelt og intellektuelt sentrum.
Før 1819 var Bogotá også residensby for den spanske visekongen i Ny-Granada. Noreg har ein ambassade i byen.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.01.2012
Sist oppdatert: 23.01.2012