Hopp til innhold
X
Innhald

Boise

Boise, by og hovudstad i delstaten Idaho i USA. Han har om lag 194 000 innbyggjarar, eller om lag 430 000 når ein reknar med storbyområdet.
Boise vart grunnlagd som Fort Boise i 1863 i samband med gullrushet langs Oregon Trail. Arrowrock Dam og andre store damanlegg sikrar kunstig vatning i området, der det er mykje jordbruk, tømmerindustri og annan industri. Byen har ei rekkje parkar med tresortar frå heile verda.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.01.2012
Sist oppdatert: 23.01.2012