Hopp til innhold
Boston. Foto: Wally Gobetz, Flickr.com CC BY-NC-ND
Boston. Foto: Wally Gobetz, Flickr.com CC BY-NC-ND
X
Innhald

Boston

Boston, by og hovudstad i delstaten Massachusetts i USA. Han vart grunnlagd i 1630 og har om lag 588 000 innbyggjarar, eller om lag 7,2 millionar med forstader.

Byen er sentrum for næringslivet i New England-området, med bank-, forsikrings- og finansverksemd. Boston har også ei stor hamn og ein del finmekanisk, elektronisk og kjemisk industri. Mange forlag og trykkjeri held dessutan til i byen.
Generelt er byen eit kulturelt sentrum, og han har ei rekkje universitet (som Boston University, Northeastern University og Harvard i forstaden Cambridge). Av eldre byggverk kan ein nemne State Capitol frå 1795 og Christ Church frå 1723.
Boston Marathon vart råka av fleire bomber i april 2013, og fleire menneske vart drepne. Truleg er dette det første terroråtaket på amerikansk jord etter 11. september 2001.
 
Kjelder
Huffington Post: Boston Marathon Explotion



Vis større kart

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.01.2012
Sist oppdatert: 04.05.2013