Hopp til innhold
X
Innhald

Brooklyn

Brooklyn, bydel i New York, på Long Island. Han har om lag 2,5 millionar innbyggjarar, men folketalet har gått sterkt tilbake sidan 1960. Staden vart grunnlagd av mellom andre nederlendaren Breuckelen i 1645.
 
Brooklyn har store hamneområde, varierte bustadstrøk der ein til dømes finn eksklusive Brooklyn Heights, men også mykje slum. Brooklyn Bridge knyter Brooklyn til Manhattan, medan Verrazano-Narrows Bridge går over til Staten Island.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.01.2012
Sist oppdatert: 23.01.2012