Hopp til innhold
X
Innhald

Buenos Aires

Buenos Aires, hovudstad i Argentina. Han har om lag 13,9 millionar innbyggjarar medrekna forstadene. Byen ligg på vestsida av La Plata og har heile pampasområdet som oppland. Buenos Aires er eit jernbanesentrum og har den største hamna i Sør-Amerika og tre flyplassar. Av næringar finn ein mange slakteri og fryseri, forutan tekstil- og maskinindustri. Byplanen er strengt geometrisk med breie avenyar.
 
Byen er det kulturelle sentrumet i Argentina, med ei rekkje universitet og høgskular, museum, teater og opera. Det ligg også ein norsk ambassade i byen. Spaniarane grunnla byen i 1550, og i åra 1776–1810 var han hovudstad i visekongedømet La Plata. Argentina har hatt Buenos Aires som hovudstad sidan 1880.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.01.2012
Sist oppdatert: 23.01.2012