Hopp til innhold
X
Innhald

Buffalo

Buffalo, by i delstaten New York i USA. Han har om lag 286 000 innbyggjarar, eller med forstader om lag 1,6 millionar. Byen har ei innsjøhamn ved utløpet av Eriekanalen. Jern- og stålindustri er viktige næringar i byen som elles er den største møllebyen i verda. Buffalo husar også fleire universitet og høgskular.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.01.2012
Sist oppdatert: 23.01.2012