Hopp til innhold
X
Innhald

Calgary

Calgary, by i Alberta i Canada, på 1032 moh. Han har om lag 1 million innbyggjarar med forstader. Byen er sentrum i eit jordbruksområde med rike olje- og naturgassfelt. Ved byen ligg det også fleire møller og stålverk. Calgary har to universitet og arrangerte vinter-OL i 1988.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.01.2012
Sist oppdatert: 23.01.2012