Hopp til innhold
Cali. Foto: Eric Baxter, flickr.com CC BY
Cali. Foto: Eric Baxter, flickr.com CC BY
X
Innhald

Cali

Cali, med offisielt namn Santiago de Cali, er ein by i Colombia i Sør-Amerika. Han har om lag 2,3 millionar innbyggjarar. Byen ligg om lag 1000 meter over havet og er sentrum i eit rikt gruve- og jordbruksdistrikt. Cali vart grunnlagd i 1536, har fleire universitet og er erkebispesete.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.03.2013
Sist oppdatert: 19.03.2013