Hopp til innhold
X
Innhald

Callao

Callao, viktig hamneby på stillehavskysten i Peru, 12 km vest for sentrum av Lima. Han har om lag 736 000 innbyggjarar. Byen har skipsverft og fleire dokker, og mellom anna er fiskeindustri og fiskehermetikkindustri viktige næringar. Francisco Pizarro starta arbeidet med byen i 1537. Callao var sentrum for handelen med Spania.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.01.2012
Sist oppdatert: 23.01.2012