Hopp til innhold

 Camagüey. Foto: Luis Alveart, flickr.com CC BY
Camagüey. Foto: Luis Alveart, flickr.com CC BY
X
Innhald

Camagüey

Camagüey, med offisielt namn Santa María del Camagüey, er namn på ein by og ein provins på Cuba. Byen vart grunnlagd i 1514 som Puerto Príncipe. Han har om lag 360 000 innbyggjarar og er knutepunkt for samferdsel. Byen har småindustri og er sentrum i eit distrikt der ein produserer sukkerrøyr.
I 2008 vart det historiske sentrumet plassert på UNESCO si verdsarvliste. Provinsen har eit areal på 15 990 km² og har om lag 853 000 innbyggjarar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.03.2013
Sist oppdatert: 19.03.2013