Hopp til innhold
X
Innhald

Campeche

Campeche,  hovudstad og hamneby i delstaten med same namn i det søraustlege Mexico. Han har om lag 201 000 innbyggjarar og er eit servicesentrum for oljeverksemda i Campechebukta. Fiskehermetikk og utførsel av mellom anna bomull, ris, tobakk og sukkerrør er viktige næringsvegar. Når det gjeld kultur, har byen to universitet, ei festning og fleire kyrkjer frå kolonitida. Campeche vart grunnlagd i 1540.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.01.2012
Sist oppdatert: 23.01.2012