Hopp til innhold
 Caracas. Foto: danielito311, flickr.com, CC BY
Caracas. Foto: danielito311, flickr.com, CC BY
X
Innhald

Caracas

Caracas er hovudstad i Venezuela. Byen ligg 922 meter over havet og har om lag 4 millionar innbyggjarar medrekna alle forstader.
 
Caracas vart grunnlagd av spanjolane i 1567. Byen er det administrative, økonomiske og kulturelle sentrumet i Venezuela. Han har hatt ein eksplosiv vekst og er prega av motorvegar og mange moderne høghus. Industrien ligg vesentleg i forstadene og i mindre byar omkring hovudstaden. Det går motorveg til hamnebyen La Guaira. Caracas har universitet og nasjonalmuseum. Noreg hadde ambassade i Caracas fram til 2013.
 
Den søramerikanske fridomshelten Simón Bolívar vart fødd i Caracas, og han er gravlagd i Pantheon i byen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.03.2013
Sist oppdatert: 19.03.2013