Hopp til innhold
X
Innhald

Cartagena i Colombia

Cartagena, hamneby ved Darienbukta i Colombia i Sør-Amerika. Byen, som vart grunnlagd i 1533, har i dag om lag 926 000 innbyggjarar. I kolonitida var han det sterkaste støttepunktet til Spania i den spanske delen av Amerika. Eksport av olje, gull og kaffi er viktige næringar i Cartagena. Byen har mellom anna ein katedral der dei eldste delane er frå 1538, og eit universitet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.01.2012
Sist oppdatert: 23.01.2012