Hopp til innhold
X
Innhald

Cúcuta

Cúcuta eller San José de Cúcuta, by i Colombia, nær grensa til Venezuela. Han har om lag 700 000 innbyggjarar og er eit kommunikasjons- og handelssentrum. Eksport av kaffi og tobakk skjer over Maracaibo i Venezuela. Det finst dessutan fleire oljefelt nord for byen. Cúcuta vart grunnlagd i 1733.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 27.01.2012