Hopp til innhold
X
Innhald

Cheyenne i Wyoming

Cheyenne, by og hovudstad i delstaten Wyoming i USA. Han har om lag 55 000 innbyggjarar og ligg 1860 moh. ved foten av Rocky Mountains. Byen vart grunnlagd i 1867, på same tid som Union Pacific Railroad vart bygd. Stordomstida til byen var under gullrushet i Black Hills i 1870-åra, då han også var eit sentralt kvegområde med særleg mykje herefordkveg. I dag er kjemisk industri, tømmer, turisme og den store årlege rodeoen viktig for Cheyenne.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.01.2012
Sist oppdatert: 24.01.2012