Hopp til innhold
 Chicago. Foto: Michael Huey, flickr.com CC BY
Chicago. Foto: Michael Huey, flickr.com CC BY
X
Innhald

Chicago

Chicago er ein by i USA, ved sørenden av Michigansjøen. Byen har om lag 2,9 millionar innbyggjarar, medrekna alle forstader om lag 9,7 millionar. I byområdet Chicago–Milwaukee bur det om lag 11,1 millionar menneske. Flyplassen O'Hare er ein av dei mest trafikkerte i verda. Chicago er eit jernbaneknutepunkt, og byen har ei stor innlandshamn. Byen er det økonomiske sentrumet i «maisbeltet», og har ein omfattande maskinindustri.
 
I sentrum av byen finn ein eit område med høghus, the Loop. Willis Tower, som fram til 2009 heitte Sears Tower, er det høgaste huset med ei høgd på 443 m.
 
Chicago vart grunnlagd i 1804, og byen var vidgjeten for sine gangsterbandar i 1920-åra. Byen har fleire universitet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.03.2013
Sist oppdatert: 19.03.2013