Hopp til innhold
X
Innhald

Chiclayo

Chiclayo, kystby i det nordlege Peru med om lag 621 000 innb. Han er eit samferdselsknutepunkt og eit handelssentrum, og han husar også eit universitet. Byen ligg i eit kunstvatningsområde. Chiclayo vart grunnlagd i 1720.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.01.2012
Sist oppdatert: 24.01.2012