Hopp til innhold
X
Innhald

Ciudad Guayana

Ciudad Guayana, tidlegare Santo Tomé de Guayana, by i Venezuela, der elva Caroni møter Orinoco. Han har om lag 856 000 innbyggjarar og er eit industrisentrum der mellom anna jernmalm og bauxitt blir foredla. Skip på 60 000 tonn kan gå innom nokre av hamnene, som til dømes Puerto Ordaz og San Félix.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.01.2012
Sist oppdatert: 24.01.2012