Hopp til innhold
X
Innhald

Ciudad Juárez

Ciudad Juárez er ein by i Mexico. Han ligg på grensa til USA, ved grenseelva Rio Grande, og har om lag 1,3 millionar innbyggjarar. Saman med nabobyen El Paso i Texas, USA, dannar han eit storbyområde med om lag 2,1 millionar innbyggjarar.
Ciudad Juárez er ein handelsby med eit turistsentrum og tekstilindustri. Byen har opplevd store valdsproblem knytte til narkotikatrafikk, og i 2009 vart han rekna som verdas mest valdelege by. Det har gått føre seg ei mord- og forsvinningsbølgje av kvinner sidan 1990-åra, og over 1000 kvinner er funne drepne eller har forsvunne.
Byen vart grunnlagd i 1681.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.03.2013
Sist oppdatert: 19.03.2013