Hopp til innhold
 Cleveland. Foto: OZinOH, flickr.com, CCBY
Cleveland. Foto: OZinOH, flickr.com, CCBY
X
Innhald

Cleveland

Cleveland er ein hamneby i delstaten Ohio i USA. Han ligg ved Eriesjøen og har om lag 464 000 innbyggjarar, medrekna alle forstader om lag 3,1 millionar. Cleveland er endepunktet for Ohio–Erie-kanalen. Byen har bil- og stålindustri og fleire oljeraffineri, og sidan 2000-talet har han vore senter for utvikling innan høgteknologi, bioteknologi og for dataindustri. Cleveland har fleire universitet og høgskular.
 
Byen vart grunnlagd i 1796.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.03.2013
Sist oppdatert: 19.03.2013