Hopp til innhold
X
Innhald

Colorado Springs

Colorado Springs, by i delstaten Colorado i USA, 1830 moh. Han har om lag 527 000 innbyggjarar medrekna forstadene. Byen er eit vintersportssentrum som òg har varme kjelder. Colorado Springs har elles industri og ein flyvåpenskule. Byen er dessutan hovudkvarter for luftforsvarskommandoen i USA.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.01.2012
Sist oppdatert: 24.01.2012